| | | | | |  
 
 

Mange danskar har oppført seg svinaktig dumt mot muslimar.

Ein av nordens største artistar, Mikael Wiehe, er ikkje nådig i kritikken av sine danske naboar i Mohammed-saka.
Langt på veg meiner Wiehe danskane sjølve må ta skulda for å ha opprørt nesten heile den muslimske verda.
-Danskane behandlar den muslimske minoriteten i landet sitt på ein svært dårleg måte, og særleg Jyllandsposten har ein tradisjon for å forulempe svake grupper som ikkje kan ta til motmæle, tordnar den politisk engasjerte artisten.


– Det som det danske Folkepartiet seier om muslimar i dag, er det same som ein på 1930talet sa om jødane. Det er forferdeleg, og eg trur ein er blitt blinde i Danmark.
Det seier Mikael Wiehe til Firdaposten i ein kommentar om bråket rundt Mohammed-karikaturane som Jyllandsposten i Danmark starta. Den Florø-aktuelle artisten er klar i talen om kva han meiner om dansk innvandringspolitikk.
– I Sverige synest vi at vi har ytringsfridom, men vi tillet oss ikkje å seie kva som helst om til dømes jødar. Vi hadde til dømes ein stor debatt for to år sidan, om ein teiknar som ville publisere anti-israelske teikningar. Ytringsfridomen er ikkje absolutt, den er noko ein diskuterer, slår Wiehe fast.

Ansvar

Ytringsfridomen krev eit ansvar, meiner han. Ein kan ikkje skrive kva som helst om enkeltpersonar eller grupper, som til dømes homoseksuelle, jødar eller svarte.
– Men det har Jyllandsposten gjort. Mange i Danmark synest ein kan seie kva som helst om muslimar. Det Folkepartiet seier om denne gruppa i dag, er det same som ein på 1930-talet sa om jødar. Det er forferdelig, og eg trur dei er blitt blinde i Danmark! Han peikar på at Jyllandsposten er ei sterkt konservativ avis, som han meiner no har gått alt for langt.
– Dei forulempar ein minoritet i sitt eige land som ikkje kan beskytte eller forsvare seg sjølv. Situasjonen i dag kan samanliknast med den vesle guten i skulegarden som vert sparka, mobba og fråteken lua si, og så viser det se plutselg att guten har ein stor familiesom kjem til unnsertning når nok er nåk.

Rasistparti
No håpar han at opprøret i den muslimske verda skal få danskarna till å tenke seg om.
- Mange dansker har oppført seg svinaktigt dumt mot muslimar. For to månader sidan lanserte danske forfattarar eit opprop for å få til ein diskusjon om denne saka. Men det var ingen som svarte, det var heilt stille. Det er fordi den danske regjeringa støttar seg på Folkepartiet, som er det innvandrarfiendtlege partiet i landet. Regjeringa er avhengig av rasistpartiet, og difor var det ingen reaksjonar, meiner musikaren, som håpar saka fører til at ein får større respekt for minoritetane som finst i europeiske land.
Det han ser som det største problemet i verda idag, er ubalansen mellom majoriteten sitt krav om eit anstendig og minoritetensitt forsøk på å sko seg på majoriteten sin kostnad.
- Dette er den store konflikten.Den vesle eliten, ofte i form av store, amerikanske kjempekonsern, mot majoriteten. Det går ut over både miljøet og befolkninga i heile verda. Det er dei store konsernerna som vil ha krig i Irak, som motset seg demokratisering i Latin-Amerika og som støttar diktaturet i Saudi-Arabia, meiner han.



Firdaposten, Linda Regina Bruvik den 9 februari 2006